tirsdag 3. september 2024

Norsk på nordnorsk i Sildpollen

 

Språkforskeren Hallfrid Christensen la grunnlaget for Nordnorsk ordbok. (Faksimile: Dag og Tid)


Det er på onsdag (4. september) forfatter Ove Orvik fra Sortland skal fortelle om "språkdama" Hallfrid Christiansen (1886-1964). I følge Orvik var Christiansen faglig sett Ivar Aasens like.
 


- Men like kjent som Ivar Aasen blei ho aldri, for tida då dei jakta på det ekte, norske språket var over, seier Orvik før foredraget i Sildpollen under 100-årsjubileet til UL Solvending.


 - Så dette blir forteljinga om ho som var gift 3 gonger, tok doktorgrad som 49-åring og reiste land og strand trass variabel helse. Ei dame frå Lofoten med bein i nasen, med andre ord, seier han.

Orvik har gjeve ut ei nordnorsk ordbok som bygger på arbeidet Hallfrid Christiansen gjorde i si tid. Ved sida av ein, for si tid, sjeldan akademisk karriere som språkvitar ved Universitetet i Oslo, forska ho på nordnorske dialektar. Ho samla ord og uttrykk gjennom det meste av sitt vaksne liv. Då ho døydde i 1964 var ikkje draumen om ei nordnorsk ordbok realisert, skriv forlaget om boka. 

Nordnorsk ordbok - Arven etter Hallfrid Christiansen er den hittil største skikkelege ordboka frå Nord-Noreg, med omlag 6000 ord. Samlinga baserer seg i all hovudsak på hennar arbeid, skriv forlaget.


UL SOLVENDING ONSDAG 4. SEPT. KL 1800



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar