fredag 16. august 2024

Kjerringa mot straumen - i Sildpollen

Forfatter Ove Orvik skal fortelle om "Kjerringa mot straumen" - den nordnorske språkpioneren Hallfrid Christiansen, under jubileet til UL Solvending. Foto: Privat

 

Visste du at Nord-Noreg har fostra ei språkdame som fagleg var Ivar Aasens like? Det er forfattar Ove Orvik frå Sortland som spør slik, og språkdama han har i tankane er Hallfrid Christiansen (1886-1964), ein nordnorsk språkvitar frå Gimsøya i Lofoten. 

- Men like kjent som Ivar Aasen blei ho aldri, for tida då dei jakta på det ekte, norske språket var over, seier Orvik. Onsdag 4. september skal han halde foredrag i Sildpollen om Hallfrid Christiansen under 100-årsjubileet til UL Solvending.

 - Så dette blir forteljinga om ho som var gift 3 gonger, tok doktorgrad som 49-åring og reiste land og strand trass variabel helse. Ei dame frå Lofoten med bein i nasen, med andre ord, seier han.

Orvik har gjeve ut ei nordnorsk ordbok som bygger på arbeidet Hallfrid Christiansen gjorde i si tid. Ved sida av ein, for si tid, sjeldan akademisk karriere som språkvitar ved Universitetet i Oslo, forska ho på nordnorske dialektar. Ho samla ord og uttrykk gjennom det meste av sitt vaksne liv. Då ho døydde i 1964 var ikkje draumen om ei nordnorsk ordbok realisert, skriv forlaget om boka. 

Nordnorsk ordbok - Arven etter Hallfrid Christiansen er den hittil største skikkelege ordboka frå Nord-Noreg, med omlag 6000 ord. Samlinga baserer seg i all hovudsak på hennar arbeid, skriv forlaget.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar